Sider

fredag 18. august 2017

eg leitar etter deg




det mørke og det lyse skifter
og glir over i
kvarandre
også i det inste i meg
 
det kjem fram
det lyse
og gjer meg glad
det mørke
som fargar lyset svart
 
den mørke himmelen
og det skirande kvite
dei lange tomme
viddene
 
endåtil då ser eg deg
kjære
i lyset som skimrar
 
(ABM 01.05.2017)


 

lørdag 5. august 2017

Dei tunge stundene kan delast


 

Skriv til meg
når du er motlaus.
Når dagane dine er tunge.
 
Fortel meg kva
du tenkjer på
i det inste
av deg sjølv.
 
Så kan eg lesa
brevet ditt
og fella tårene dine
 
(ABM 1983
 
 

onsdag 2. august 2017

Den rare historia


lån meg eit hjarta for dei som lir
i Syria, Israel og Gaza by
tørk tårene deira når lufta svir
 

gje meg ein tone frå fjorden blå
lia og fjorden er nære meg nå
 

lån meg eit hjarta for dei som lir
i verda så stor og så vid
gje dei ei pute å kvila på
og frukost når morgonen kjem
 

gje meg ein tone, la bølgjene slå
djupt inni skuggen av strendene då
gje meg ein tone frå fjorden i kveld 

(ABM 02.08.2014)