Sider

søndag 18. september 2016

16.september 2016



21.6 grader celsius kl 22
den varme lufta
vaker rundt meg
omsluttar meg
blomane og alt
som er i hagen vår
 
tenk om me kunne
sitja i det varme
mørket
og snakka om
alvorlege ting
 
du og eg og alle
 
sitja der og sei
at no er det slutt
på alt vondt
 
hjelpe meg
21.6 grader celsius kl 22
i hagen vår
 
(ABM 16.09.2016)

Folket ved fjorden


Når politikarane no vil slå saman tre fylke på Vestlandet, må dei spørja kystfolket kva dei meiner. Eg skreiv eit dikt om dei i 2005. 

Eg tenkjer på det.
Husa var småe
og berga var bratte
og det var langt ut.
 
Men det er sjøen
og fjorden og havgapet
eg hugsar.
 
Og så alle folka.
 
Dei var der.
Alltid.
 
(ABM 22.11.05)

fredag 16. september 2016

synd at det gjekk slik



det var ein god dag
eg spelar piano
 
dei henta meg
og eg spelar piano
 
i den fullsette salen
sette eg meg ned
fingrane flaug over
dei svarte og kvite
tangentane
 
lydlaust
i lause lufta
 
(ABM 14.09.2016)

tirsdag 13. september 2016

Det er noko med det



         
                                                       Regnet siler jamt og trutt,
                                                       for no er hausten nær
                                                       Men brått ein dag er sola her
og ljoset glitrar over sjø og land
 
Vestlandsveret skifter snøgt
og gjer meg både tung og lett i sinn.
Slik formdest me langs kysten min
i tusenvis av dagar, månader og år.
 
Og når eg reiser langt av stad
til tørre, varme, gode land
langt borte frå mi strand.
 
Om ikkje lenge sturer eg
og lengtar heim til fjordane
der regnet siler jamt og trutt.
(ABM 05.09.2016)

onsdag 7. september 2016

tida går




tida går
villblomen min
strekkjer seg
opp og opp
mot ljoset og sola
 
i dag også
med kronblad og
blomar og alt
 
no er det vinter
snart
og villblomen min
visnar
sakte og sikkert 
(ABM 07.09.2016)

tirsdag 6. september 2016

Tenk om




Lat oss sitja saman
ei lita stund
og dela angsten med
kvarandre 
Tenk om
eg ei kveldstund kan
setja meg ned og tenkja
på gode ting. 
Tenk om
krigane i Syria, Afghanistan
og alle stader
er slutt. 
Tenk om
krigsherrar og utbyttarar
legg tankane og ideane sine
på hylla. 
Tenk om
alle menneske har mat,
klede og husrom
og barna går på skulen.
 
Då vil eg sitja
ei kveldstund
og mala ei skinande sol
og lyset som hopar seg opp.
 
(ABM 06.09.2016)