No er det lenge sidan eg har lagt ut noko.
Her er eit aktuelt dikt frå 2015.
Barna som ikkje er med
i reknestykket
Alle elskar barna,
seier dei.
Men dei usynlege barna då,
seier eg.
Dei som bur på gata
i Rio De Janeiro.
Dei som bur under kummene
i Bucurest.
Dei som ingen leitar etter
i Oslo by.
Dei som vert bomba i Syria.
Dei usynlege barna,
som ikkje er med i reknestykket.
Kvar er du,
som seier at alle barn
er dine.
(ABM
24.11.2015)