Sider

lørdag 6. juni 2015

Tonen min




Gje meg tonen frå fjorden blå
Lia og fjorden er nære meg nå.
 
Eg diktar om bølgjer og sjø og strand.
Drøymer meg bort til framande land.
 
Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg tonen frå fjorden i kveld.
 
(ABM 27.07.2014)

tirsdag 2. juni 2015

Rehabilitering



 
Eg prøver i dag også.
Går eitt steg om gongen.
Ljoset og våren
er på veg.
 
Nokre steg til.
 
Kvitveisene
og det blendande
ljoset utover sjøen.
 
Så er det stopp.
Smertene riv og slit.
 
Den same vegen
attende.
Eitt steg om gongen.
No må eg heim.
Blomane og ljoset
ventar til eg kjem att.
 
(ABM 08.04.15)

Smertene og draumen i meg


 
 

Du finn meg
bakom smertene
ein stad.
 
Eg stengjer deg ute
og seier til meg sjølv:
-Du tomme meg.
Du finn meg ikkje
i dag heller.
 
Eg tenkjer berre
på dei slake
liene langt bakom
opp til det slette
vide fjellet.
 
Der kan eg stå
og pusta inn
den gode dagen-
 
tenk om
tenkte eg.
 
(ABM 07.04.15)
 

Skandelabre



 

Kva tenkjer eg på
når eit slikt ord
dukkar fram
frå det inste
i meg sjølv.
 
Knaskje er det
innsikt frå ei anna tid.
Bakom meg sjølv
og inni noko eg
aldri har høyrt om.
 
Kanskje kjem nokon
og ropar skandelabre
og eg veit.
 
(ABM mars 2015)