Eg fekk eit ord
ein blyant
og ei bok.
Så lærte du meg
å skriva ordet
og lesa det
i boka.
Så lærte du meg
eitt ord til
og mange
-Versågod,
sa du.
Eg fekk meg
ikkje til å
sei takk.
For eg visste
ikkje kva du
hadde gjeve meg
før lenge etterpå.
(ABM 05.02.2015)f
I år også kjem
du utan varsel.
Eg sit i stolen
min i sola
og ventar på
sommaren.
Brått flagrar
du fram.
Gul med svarte
flekkar.
Att og fram
hit og dit.
Eg følgjer deg
med augo mine.
(ABM 04.02.2015)
eg såg innover
den lange lia
skogane
den bratte fjellsida
og fjella
langt der borte
eg var fri til å gå
der eg ville
beint fram
til side
eller klatra
opp det bratte
berget
eg klatra opp
den bratte
fjellsida
langt der oppe
kom eg til ei
fjellhylle
eg sette meg der
eg såg langt
innover
kanskje reiser
eg meg og
klatrar vidare
ein av dagane
kanskje går ned att
kven veit
(ABM 03.02.2015)
Eigentleg er eg
trøytt og lei.
Ingen snakkar
til meg i dag
heller.
Ingen spør
korleis det går.
Ingen ser meg.
Eg trur eg set meg
ned i den store
butikken
og sel meg
til halv pris.
Tru om nokon
vil sjå på meg då.
(ABM 01.02.2015)
-Kva blomar er det,
spurde eg.
-Villroser,
svarte du.
Etterpå gjekk me
nedover
dei lange liene.
Mot havet.
Hand i hand,
kjære deg.
(ABM 28.01.2015)