Sider

torsdag 31. desember 2015

La draumen leva inne i oss i det nye året.






Lag meg ei skute i dag 
Lag meg ei skute for framande land.
Gje meg litt vind på turen.
Så vitjar eg alle der eg fer fram.
God dag og guds fred  kvinne og mann.
Gje meg litt vind på ferda.
 
Gje meg ein tone frå fjorden blå
Lia og fjorden er meg så nær.
Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg ein tone frå fjorden i kveld.
 
(ABM 20.07.2014)


I dag får du diktet som eg skreiv på julekortet i 2015 som eg sende til slekt og vener.




Jul 2015
 
Julehelsing                             
No stundar det til jul igjen.
Desember kald og grå.
               
Me ynskjer deg ei god og signa jul.                              
Med gåver, kaker og litt ekstra til dei små.
Med høge stjerner, månen ny og gul.                     
Og så det signa nye året då.
 
Då kan me starta om og tenkja litt på ny.                     
Eit skifte mot det betre får me tru.
For deg og meg                                                    
og alle dei som ikkje finn seg ly.
I dette nye året
kan me dela litt av redsla deira
-eg og du-
(ABM 09.12.2014)

mandag 19. oktober 2015

Oktober




Det mørknar mot oktoberkveld
ein stad langs svarte stranda.
 
Me sit heilt still i båten vår
i natta mørk og grå.
 
Mens lyset over himlen sakte går
frå her til alle landa.
 
Eg tenkjer på at du ser same lyset nå
langt langt borte herifrå. 
(ABM 19.10.2015)

lørdag 6. juni 2015

Tonen min




Gje meg tonen frå fjorden blå
Lia og fjorden er nære meg nå.
 
Eg diktar om bølgjer og sjø og strand.
Drøymer meg bort til framande land.
 
Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg tonen frå fjorden i kveld.
 
(ABM 27.07.2014)

tirsdag 2. juni 2015

Rehabilitering



 
Eg prøver i dag også.
Går eitt steg om gongen.
Ljoset og våren
er på veg.
 
Nokre steg til.
 
Kvitveisene
og det blendande
ljoset utover sjøen.
 
Så er det stopp.
Smertene riv og slit.
 
Den same vegen
attende.
Eitt steg om gongen.
No må eg heim.
Blomane og ljoset
ventar til eg kjem att.
 
(ABM 08.04.15)

Smertene og draumen i meg


 
 

Du finn meg
bakom smertene
ein stad.
 
Eg stengjer deg ute
og seier til meg sjølv:
-Du tomme meg.
Du finn meg ikkje
i dag heller.
 
Eg tenkjer berre
på dei slake
liene langt bakom
opp til det slette
vide fjellet.
 
Der kan eg stå
og pusta inn
den gode dagen-
 
tenk om
tenkte eg.
 
(ABM 07.04.15)
 

Skandelabre



 

Kva tenkjer eg på
når eit slikt ord
dukkar fram
frå det inste
i meg sjølv.
 
Knaskje er det
innsikt frå ei anna tid.
Bakom meg sjølv
og inni noko eg
aldri har høyrt om.
 
Kanskje kjem nokon
og ropar skandelabre
og eg veit.
 
(ABM mars 2015)

torsdag 5. februar 2015

Versågod



 Eg fekk eit ord
ein blyant
og ei bok.
 
Så lærte du meg
å skriva ordet
og lesa det
i boka.
 
Så lærte du meg
eitt ord til
og mange
-Versågod,
sa du.
 
Eg fekk meg
ikkje til å
sei takk.
For eg visste
ikkje kva du
hadde gjeve meg
før lenge etterpå.
 
(ABM 05.02.2015)f

onsdag 4. februar 2015

Sommarfuglen



I år også kjem
du utan varsel.
 
Eg sit i stolen
min i sola
og ventar på
sommaren.
Brått flagrar
du fram.
Gul med svarte
flekkar.
Att og fram
hit og dit.
 
Eg følgjer deg
med augo mine.
 
(ABM 04.02.2015)

tirsdag 3. februar 2015

Valet er ditt



eg såg innover
den lange lia
skogane
den bratte fjellsida
og fjella
langt der borte
 
eg var fri til å gå
der eg ville
beint fram
til side
eller klatra
opp det bratte
berget
 
eg klatra opp
den bratte
fjellsida
 
langt der oppe
kom eg til ei
fjellhylle
 
eg sette meg der
eg såg langt
innover
 
kanskje reiser
eg meg og
klatrar vidare 
 
ein av dagane
 
kanskje går ned att
 
kven veit 
(ABM 03.02.2015)

Billeggsal



Eigentleg er eg
trøytt og lei.
 
Ingen snakkar
til meg i dag
heller.
 
Ingen spør
korleis det går.
 
Ingen ser meg.
 
Eg trur eg set meg
ned i den store
butikken
og sel meg
til halv pris.
 
Tru om nokon
vil sjå på meg då. 
(ABM 01.02.2015)

Sachsenhausen



-Kva blomar er det,
spurde eg.
-Villroser,
svarte du.
 
Etterpå gjekk me
nedover
dei lange liene.
Mot havet.
 
Hand i hand,
kjære deg. 
(ABM 28.01.2015)