Sider

onsdag 24. desember 2014

Julehelsing




                         

No stundar det til jul igjen.

Desember kald og grå.                                
Me sender deg min kjære venn

eit kort med bilde på.
 

Me ynskjer deg ei god og signa jul.                              Med helsing   

Med gåver, kaker og litt ekstra til dei små.

Med høge stjerner, månen ny og gul.                       Atle Bjørn og Ragnhild

Og så det signa nye året då.
 

Då kan me starta om og tenkja litt på ny.                         God jul

Eit skifte mot det betre får me tru.

For deg og meg                                                     Godt nytt år

og alle dei som ikkje finn seg ly.

I dette nye året

kan me dela litt av redsla deira

eg og du-

(ABM 09.12.2014)

onsdag 26. november 2014

Draumen min



I dag tek eg med eit dikt frå 1978. Ein mørk, våt og kald novemberdag.
 

Vinteren er lang.
Regnbygene mange.
Natta er svart.
Og kulden er nær.
 
Alt dette, kjære.
 
Men draumen er
ljoset om morgonen
sola skin om kvelden
skinande solblank sjø
varmen i lufta.
 
Difor toler eg det, kjære.
Denne vinteren også.
 
(ABM 03.12.1978)

tirsdag 25. november 2014

Eigentleg


Verda er den same. Eg tenkte på dette diktet frå 1988 når eg har sett på nyhendemeldingar i det siste.

 
Eigentleg er det
eg og du.
Så er det
eg og du
og dei andre.
Og så er det
eigentleg
ikkje fleire.
 
Me er
gode og glade
og tykkjer vel
om kvarandre.
Eigentleg.
 
Heilt til eg ser på
Dagsrevyen
på fjernsynet.
Då vil
du og dei andre
gjera meg vondt
og det som er verre.
Eigentleg.
 
Og eg lurer på
kva eg vil gjera
med deg og dei andre.
Eigentleg.
 
(ABM 8.11.1988)

mandag 24. november 2014

det er kulde og is i vente


 
 på skulen lærer me
å vera snille
og gode
humane og
gudfryktige
ta vare på kvarandre
og hjelpa
 
på skulen henta
politiet ei jente
ho var ni år
ho hadde budd
i Noreg så lenge
ho kunne hugsa
så lenge vennene
kunne hugsa
 
så kom dei ein dag
på skulen
styresmaktene
og henta ho
 
ho er ni år
og pulten hennar
står tom
med ei rose som pyntar
 
ho er ni år og
styresmaktene
sender ho til
 
eit land
 
som er framandt
og ho er redd
 
eg er redd
det er kulde og
 
 
 
 
 
regn og

snø i vente

i landet vårt
 

(ABM 24.11.2014)
 
 

 

torsdag 13. november 2014

Det er framgong å spora


Det er liljekonvallarpå marka.

Dei ser på meg

og smiler.
 

Vår

og lengre dagar.
 

Akkurat no er

hausten på

det mørkaste.

Eg hustrar og frys.
 

Men då strekkjer

eg meg

innover i meg sjølv

og tenkjer

at det er

framgong å spora.
 

(ABM 14.11.2014)

Fantasifiguren min



Eg hadde vore og fiska.
Då møtte eg
ein fantasifigur.
 
Bortanfor.
 
Han såg på meg
med det eine auga.
-Hjelp, sa eg.
Kven er du?
-Eg er den
motsette av deg?
Eg følgjer deg
heile tida.
 
-Kan du visa meg?
 
Då gjekk han
baklengs
rett ut i sjøen
og blei borte.
 
(ABM 11.11.2014)

fredag 7. november 2014

Stundom eller av og til



 
 
Alle ting skjer
stundom
eller av og til.
Dei har skjedd før
dei skjer no
og dei vil skje
i framtida.
 
Det dei tenkte på
trudde på
og snakka med
kvarandre om.
 
Det viktige
vart lagra
og fortalt
frå generasjon
til generasjon.
Det var berre slik,
sa dei.
 
Den lange kunnskapen
som speglar
det viktige
og det kjem
opp frå det inste i oss
utan at me veit kvifor.
 
(ABM 07.11.2014)

onsdag 5. november 2014

grava


nett her stod dei
for to tusen og
tjuetre år sidan
 
alle i bygda her
dronninga deira
var død
og skulle
leggjast i haug
 
kald vind og regn
langsmed
langenuen
 
uro i den store
flokken
gråt og bøner 
i ord
 
kva no
 
(ABM 06.11.2014)

Den uventa gjesten


I dag vil eg
hjelpa deg
utan vilkår.
-Kva kan eg
gjera for deg i dag?
-Kva skal du ha for det?
-Ingenting.
 
Me vaskar opp
steller og ordnar
med ymse ting.
 
Etterpå sit me
i kvar vår stol
og gjer ingen ting.
 
(ABM 05.11.2014)

 

tirsdag 4. november 2014

Skalldyra lever



Skalldyra lever
sutalaust
frå år til år.
 
Dei ligg nedpå botnen
og ventar på nokon
som dei kan gripa
med klørne sine.
Hei, hei, seier dei
og puttar han imunnen.
 
Eg kjenner slike
skalldyr
som ventar på at eg
skal koma forbi.
Så grip dei meg
og syg det beste
utor meg.
 
Etterpå slepper
dei meg
og eg går tomhendt heim.
 
(04.11.2014)

onsdag 22. oktober 2014

Om Afghanistan. Kva tenkjer du når du les dette?



I går var eg på avslutning
for tiendeklassingane.
Dei gledde oss alle med
spel, song og dans.
Så fekk dei vitnemåla sine.
 
Mens eg sat der,
kom eg til å tenkja på
granatepla i Afghanistan
dei beste granatepla i heile verda
i skråningane rundt Kandahar
strålande blomeprakt
om våren
og glade menneske
som plukka epla om hausten
så kom krigane
og no er granateplehagane fulle av
bomber og granatar.
 
Tenk om, tenkte eg.
 
(ABM  19.06.09)

tirsdag 21. oktober 2014

Biblioteket mitt



Biblioteket mitt har
mange rom.
 
Bøker for det eine
og bøker for det andre.
 
Opphavet mitt
og den lange historia.
 
Kunnskapar om
mange ting
uroa i meg når eg
ikkje veit kven eg er.
 
Gleda over når eg
finn svara eller berre
anar dei
langt der bak for
generasjonar sidan.
kjenslene mine og
gleda over ein
ørliten gul løvetann
tidleg om våren.
 
Ein klok mann skreiv
når eit menneske døyr
går eit heilt bibliotek
opp i flammar.
 
(ABM 21.10.2014)

mandag 20. oktober 2014

Skagastølstindane



Eg var liten gut
i fjerde klasse.
Stort kart på veggen.
Noregskart.
Og læraren sa
her er Skagastølstindane.
 
Med ein gong
det vakraste ordet
eg hadde høyrt.
 
Tenk om eg ein gong
kan gå opp på
Skagastølstindane.
 
Det vakraste ordet
og draumen min.
 
(ABM 20.10.2014)

fredag 17. oktober 2014

Ut i lyset

 
Gje meg dei mørkaste
skuggane i kveld.
Lat meg få gøyma
meg der.
 
Alt som er vondt
og alt som er vanskeleg
er ikkje her.
 
Du lurer deg sjølv
min gode venn.
Gå ut i lyset med meg.
Sjå angsten i augene
litt om senn.
 
Kanskje vert lyset
litt lysare då
og sjøen skimrar
så blå.
 
(ABM 17.10.2014)

onsdag 15. oktober 2014

å forstå seg sjøl


eg er overmodig

i dag

eg forstår meg sjøl

seier eg

                       

men så er det

noko som gneg

uroar meg

legg inn ein

ørliten tvil

kallar du det

å sjå deg omkring

og blinka med

augene

 

kallar du det

å forstå seg sjøl

spør du meg

 

då tenkjer eg meg om

den inste i meg sjøl

peikar etter meg

og seier at eg er

einfoldig og enkel

det er nok litt meir

komplisert

seier den inste

 

det er det store

puslespelet

å forstå seg sjøl

(ABM 15.10.2014)

tirsdag 14. oktober 2014

den siste sida



eg trudde svaret stod
på den siste sida
så eg las side etter side
 
hjelpe meg
tenkte eg
 
eg forstod i grunnen
ingen ting
av det som stod
i boka.
 
endeleg kom eg
til den siste sida
 
abra kadabra
stod det der
 
(ABM 14.10.2014)