Sider

tirsdag 25. juni 2013

Flyktningen og vegen heim

 
Dette var garden Mæle før utskiftinga ca. 1890. Det var eit klyngetun som var bygd inne i ei gammal bygdeborg, som i alle høve var der i 400 etter Kristus. Dei har grave ut to dronninggraver frå den tida.
Dei som budde der då, var flyktningar frå Nord-Tyskalnd om lag der Hamburg ligg no. Det var ein stamme som heitte Harudane. Dei måtte rømma i båtane sine og padla ut på havet. Mongolane kom austanfrå og jaga folkegrupper framfor seg. Dei som budde ved havet romte over havet. Harudane busette seg i Hordaland (harudlandet).
Historia om flyktningar er like gammal som historia om menneska. 
 
  

Det er underleg.
Dei gamle båtane,
husa, fjella,
sjøen og havet. 
 
Alt ramma inn barndommen,
og sit meiningslaust fast i tanken min.
 
Men det gjer også vegen ut

fredag 14. juni 2013

det var berre ein tanke, trudde eg



 eg hadde vore sjuk
lenge
av og til tenkte eg
på det underlege
å få sitja her
langt inne i fjellet.
på nett denne
steinen
attmed den høge
varden
sjå utover vatnet
dei lange liene
og dei høge
fjelltoppane
forunderleg og
umogleg tenkte eg

den lange tida
og så sit eg her
varden og
det store fjellet
lenge
heilt still

slik er
livet stundom
det strekkjer seg
ut over og forbi
det du tenkte

(ABM 16.09.11)

Fullmåne over fjorden



I det klare, kalde
blå lyset
vaker månen over fjorden.

Det bildet.
Som eg alltid har sett.
Evig og uforanderleg.

Månen som lyser
over fjella og fjorden.

Takk o gudar -
i ei kaotisk verd.

(ABM 20.01.11)

onsdag 5. juni 2013

Robåten og verkstaden



Lyset
ramma
barndomsstranda
inn.

Sjå robåten
til onkelen min
ligg der til ventstre.

Og bakom bildet
ligg verkstaden
til Alberten.

Der laga eg og
kameraten min
mange ting.

Lenger borte ligg
verkstaden til onklane
mine.

Med farlege maskiner
og god lukt.

(ABM 2001)

Fullmåne over fjorden



I det klare, kalde
blå lyset
vaker månen over fjorden.
Det bildet.
Som eg alltid har sett.

Evig og uforanderleg.
Månen som lyser
over fjella og fjorden.

Takk o gudar -
i ei kaotisk verd.

(ABM 20.01.11)

Nett etter stormen



Nett etter stormen
er himmelen høg
og vill.

Sjølv den minste
blome
står fram i prakt.

Fargane sprengjer
og speglar hav
og fjell og fjord
i fantastiske og
skarpe fargar.

Når stormen
nett har
stilna
er du også
fargerik
og vill.

(ABM 2004)

tirsdag 4. juni 2013

Det er berre slik


Den lange ferda er slutt.
Eg vil heim att
til det kvite lyset og 
det skiftande havet,
dei slitne trappene 
og naustet.

Ingen såg at eg kom.
 og eg vil reisa
 like stilt.

Slik er det for alle.

Kanskje må du reisa
 langt bort.

Men det er alltid
der heime,
bolgjer og vind
med bratte fjell,
i dei djupe dalane,
i dei tronge gatene
eller på dei solsvidde
slettene.

Det slepper deg aldri
du arme menneske.

(ABM 11.12.11)