Sider

lørdag 4. mai 2013

Hausten og den nye våren



  
Dei første
frostnettene.

Den klare
morgonlufta
og dei
 flammande
 fargane.

Forandring
sa dei
mot vinteren.

Men eg ser berre
den nye våren
i det klare
kalde lyset
og i det
gulbrune
gnistrande
lauvet
 på bjørketrea.

(ABM 1995)


KANSKJE - når du kjem attende



Det er rim
på stråa
langs strendene.

Båten ligg
på land.

Hausten og den
stille tida
med frost inni.

Det er ikkje
godt å vita
kvar sommaren
og den gode
varmen er.

Kanskje har du
den lyse
sommarmorgonen
med deg attende
når du kjem.

(ABM 1984)


God jakt - eller diktet om livet i livet


Det er lys

som eg
kanskje
ikkje såg

Endåtil
midt i bildet,
eller bitte litt
ein eller
annan stad.

Leit etter det
før du går.

(ABM 1999)


Det er berre livet det, sa dei




Dei rare skyene.
Ferja og havet.

Eventyret var
alltid der.
I skyene.
Dei skiftande
i tallause
 former.

Og i havet
og langs strendene.

Alt i alt.
Før og etterpå.

Finn du meg
der ein stad.

(ABM des. 1995)


Tidleg morgon ved havet




Fiskarane kom
inn med fangsten.

I dag er dei her.
Ein annan morgon
er dei borte.

Då er det berre
dei varme vindane
og dei blå fargane
langs strendene ved havet.

(ABM 16.01.11)


Arne 21.10.08



Eg sat og malte på
dette bildet.
Då kom Ragnhild
og sa:
Arne er død.

Arne, hugsar du
den gongen du og eg
kom over høgda frå
Turlagshytta og såg
ned over Furudalen.

Det var mørkt
og den første snøen
låg på trea og
oppetter liene.

Me snakka lenge om
mørkret, lyset og
om forandringane.

Sommaren og hausten 
er slutt no,
sa du.
Men eg ser den
nye våren
i lyset
bakom fjella.

(ABM 2008)