Sider

mandag 22. april 2013

Karl Martin, Oliver og Besten




Me laga eit bilde
saman.
Oliver malte
 tre og sjø.
Karl Martin båtar,
 naust og bilar,
og Besten malte
eit stort hus
og eit kjempedigert
fjell.

Oliver var tre år,
Karl Martin ni og eit halvt,
og Besten var nesten
 sekstifem år.

Mens me malte,
snakka me om
mange ting.
Sjå fisken der.
Bilane kjem i fin fart.
Skal eg mala dei som
bur i huset, Besten?

Ei lita hending i livet
mens dagane elles er
fulle av mange ting.

(ABM 25.05.09)


Hausten og den nye våren




Dei første
frostnettene.
Den klare
morgonlufta
og dei
 flammande
 fargane.

Forandring
sa dei
mot vinteren.

Men eg ser berre
den nye våren
i det klare
kalde lyset
og i det
gulbrune
gnistrande
lauvet
 på bjørketrea.

(ABM 1995)



Kanskje når du kjem attende



                                                                                                                                    Det er rim
på stråa
langs strendene.

Båten ligg
på land.

Hausten og den
stille tida
med frost inni.
Det er ikkje
godt å vita
kvar sommaren
og den gode
varmen er.

Kanskje har du
den lyse
sommarmorgonen
med deg attende
når du kjem.

(ABM 1984)

torsdag 18. april 2013

det var berre ein tanke trudde eg




eg hadde vore sjuk
lenge

av og til tenkte eg
på det underlege
å få sitja her
langt inne i fjellet.
på nett denne
steinen
attmed den høge
varden

sjå utover vatnet
dei lange liene
og dei høge
fjelltoppane

forunderleg og
umogleg tenkte eg

den lange tida
og så sit eg her
varden og
det store fjellet
lenge
heilt still

slik er
livet stundom
det strekkjer seg
ut over og forbi
det du tenkte

(ABM 16.09.11)


onsdag 17. april 2013

Barndommens rike 2


I går kopierte eg feil dikt til dette bildet, No kjem det opprinnelege. Eg har ikkje skrive årstal og dato på dette bildet, men eg trur eg dikta og malte det før 1990.

1. Lat att døra når du går
den grå slitne
som har verna oss i alle desse åra.

2. No er døra open
 knirkar og sleng i vinden
tida gjekk forbi

3. Slik var det
den grå store steinen
bak huset
er den same
litt meir blanksliten kanskje
på den eine sida
der me leika.

(ABM før 1990)



tirsdag 16. april 2013

Det er berre slik, sa me



Dei grå dagane
og dei lyse dagane
skifter.

Endåtil
når fjella og skogane
er mørke.

Kan himmelen skina
i dei klaraste fargane.

(ABM 1999)


mandag 15. april 2013

Det var ein gong - er slutt no



Dra gardinene for
når du går.

No er eg
ferdig med det
gamle karrige landet.

Og landet
bakom det strålande
lyset
fann eg aldri.

Eg trur eg får klara
meg
med det eg har
inntil vidare.

Men draumane
vil ikkje sleppa
taket i meg.

(ABM 15.02.08)

I draumen min




I draumen min
frå barndommens rike
var fjorden blå.
Fjella og himmelen
tona bakover
i alle slags  blåe fargar.

Men båtane var alltid kvite.
Dei for forbi.
Og så kom det nye.

Det var ingen vond draum.

(ABM 2009)