mandag 24. desember 2012
O Småsoge
Endåtil St.Peter vart stum
Presidentane møttest framfor portane i himmelen.
-Det var du som begynte, sa den eine.
-Jammen, det var di skuld, sa den andre.
-St.Peter, blir me nødt til å stå i denne lange køen?
ropte dei to presidentane i kor.
St.Peter såg på dei, og han sa ingenting.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
O Det er i grunnen trist viss det går slik. Eller songen frå ei framtid
Under bokstaven O skriv eg om krig, ufred og masseøydeleggingsvåpen. I den tida fortalde begge partane i den kalde krigen om kor mange atombomber dei hadde, kor mange gonger dei kunne utsletta jorda osb. Mange hadde angst og var redde.
1. Vi snakka om dette så mang ein gong
og visste at det ville skje.
I menneska levde dagens song,
og ingenting kom dei ved.
2. Når songane ikkje har tonar meir,
men harde lydlause ord.
Då leikar vi ikkje med auga imot
i ange frå våryr jord.
3. Då leikar det berre vårvind i støv
og kvervlar med det som var mold.
Og natta er lys som ho var det før.
Men jorda er død og gold.
4. I dag kan vi enno snakka om det.
I morgon kanskje for seint.
Reis deg med ein gong og rop det ut
mens tankane dine går beint.
5. Blomane foldar kronblada ut
enno ein gong fram mot vår.
Bøy deg og fang deira fargar då
og spør dei kvar menneska står.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
Ps. Det sett tone til dette diktet.
1. Vi snakka om dette så mang ein gong
og visste at det ville skje.
I menneska levde dagens song,
og ingenting kom dei ved.
2. Når songane ikkje har tonar meir,
men harde lydlause ord.
Då leikar vi ikkje med auga imot
i ange frå våryr jord.
3. Då leikar det berre vårvind i støv
og kvervlar med det som var mold.
Og natta er lys som ho var det før.
Men jorda er død og gold.
4. I dag kan vi enno snakka om det.
I morgon kanskje for seint.
Reis deg med ein gong og rop det ut
mens tankane dine går beint.
5. Blomane foldar kronblada ut
enno ein gong fram mot vår.
Bøy deg og fang deira fargar då
og spør dei kvar menneska står.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
Ps. Det sett tone til dette diktet.
tirsdag 11. desember 2012
O Ville menn leikar med atombombene sine, tenkte eg
I går gjekk eg i motatomvåpentog.
Fremst var parolen:
USA-SOVJET STOPP ATOMOPPRUSTNINGA
Gjennom heile marsjen gjekk ei
lita jente og heldt i eine parolestonga.
Jenta heitte Anneli og var snart 4 år.
Ho hadde blå regnjakke
og hue med Kandahar på.
Og så hadde ho blå tindrande auge
og ho fotalde heile tida om
viktige ting i livet sitt.
Ho fortalde og fortalde,
om dokkene sine, om bilar og om å fiska
med pappa, og om i morgon når ho
skal leika i sandkassen.
O så var det ein som heitte Vesle-Øystein
og ein som heitte Store-Øystein.
Ho hadde blå gummistøvlar og små fingrar.
Eg gjekk rett bakom henne.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
O Er tida omme alt
1. Om vinteren er natta mørk og dagen likeså.
Det er kulde og regn og snø i vente.
Eg orkar ikkje tanken på å reisa meg og gå,
for me har så altfor lenge vore kjente.
Refr.
La natta var lenge
og la tida gå i stå
i morgon er det mørke midt på dagen
2. Sommaren er borte no med blomar i ditt hår.
Eg høyrer latter, song og gråt i minnet.
Blomane har visna vekk med tru på neste år.
Men me har ikkje noko slikt i sinnet.
Refr.
La natta vara lenge
og la tida gå i stå
i morgon er det mørke midt på dagen
3. Eg høyrer enno stemma di og smilet ditt til meg.
Det var så mange ting me ikkje gjorde.
Ein raudgul blome minner meg om alt som var med deg.
Eg hugsar alt det sommaren har vore.
Refr.
La natta vara lenge
og la tida gå i stå
i morgon er det mørke midt på dagen.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
Denne songen er tonesett. Ein sørgmodig melodi.
tirsdag 4. desember 2012
O Dei to siste linene lo stjernene av
Ei mitraljøsekule er ikkje tung.
Kjærlege ord er lette.
Er det hendelege uhell
som gjer at folk så ofte
bruker mitraljøsekuler
i staden for kjærlege ord.
Alle fekk utdelt.
Og alle tok imot kulene.
Etterpå heldt dei tomme vindane
og det grå regnet pusten.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
O Småsoge
Presidenten sender troppane mot St. Peter.
Presidenten vert stoppa i porten til himmelen og må forklara seg.
-Alvorlege ting har hendt før - i lufta, på havet, på strendene og i skogane, sa presidenten.
-Men alle dei som har stått i kø her dei siste dagane skjøna ikkje kvifor, sa St. Peter.
-Det var eg som skulle forstå, sa presidenten.
-Versågod neste, sa St. Peter.
-Eg sender troppane mine mot deg, ropte presidenten då englane kom
og førde han attende til jorda.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
N Det er system i ansvaret
Det er lenge sidan eg har studert denne diktsamlinga. Eg ser at eg har skrive mykje om krig og ufred midt i "alfabetet". Men 1984 var ei tid med kald krig og mange krigar rundtomkring, så mange var opptekne av slike tema. No lever me i fred i vårt rolege hjørne, og då er lett å gløyma krigar og urettferd. Og så tilbake til bokstaven N i 1984.
La mitraljøseskyttaren
leva i fred.
Han er glad i dyr og anna.
og leikar med borna sine.
Han må få leva lykkeleg til
sine dagars ende.
La han som sa at mitralsjøseskyttaren
skulle skyta
leva i fred.
Han er endå gladare i dyr
og anna.
Og leikar endå meir med borna sine.
Han lever heilt sikkert til
sine dagars ende.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
søndag 2. desember 2012
N Analfabetane er visst fleire enn me trur
Det stod i avisa:
-Det vert fleire analfabetar i verda.
Menn, kvinner og barn som ikkje kan
lesa og skriva enkle daglegdagse setningar.
Det kostar om lag like mykje
å laga eit fullvakse gevær
som det kostar å læra nokon å lesa enkle setningar.
Sidan det no vert fleire analfabetar,
kva bruker vi pengane til.
Mange gonger lurer eg på om vi ikkje
alle er analfabetar.
Prøv sjøl om du kan lesa denne setningen:
Mitraljøsene lagar me for å skyta kvarandre.
Alle som ikkje forstår kva som står i denne
setningen, må me vel definera som analfabetar.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
N Og alle hadde eitt liv. Og alle hadde eitt liv. Og det blei kort
Auga ope mot sikteskåret
la kulene syngja.
Med fingeren fast mot avtrekkjarplata
ventar på ordre.
Til auga ope mot eit menneske.
Ordre: Rett fram. 300 meter. Fiendtlege soldatar.
Fyr.
Og så er kulene på veg.
Og så er det eit menneske
som har
venta på ordre.
Og så var ordren: Soldatar. Storm.
Og så sprang soldatane.
Og så endeleg hender det som alle har øvd på så lenge.
Lykke til.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
N Fred på jord
Ei mitraljøse skyt 22-24 skot
i sekundet.
Ei lysande fosforstripe av kuler.
Som sikkert svir når dei slår
gjennom brystet.
Godt brukande og svært treffsikker
på minst 300-400 meter.
Lett å bruka. Driftsikker.
Ei mitraljøse som skyt 22-24 kuler
i sekundet, skal brukast
til å skyta menneske med.
Det vert aldri meldt om nokon annan
bruksmåte.
Den eine får ein ærefull medlaje.
Den andre
får ein ærefull dø.
(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
Abonner på:
Kommentarer (Atom)

