Sider

torsdag 12. januar 2023

 



Første januar 2023

Etter regn og uver i går
strålar sola
over fjella i dag.

Tenk om det nye året
kan gje glede
og håp til alle dei
som er kua, redde
og undertrykte.

Slik tenkjer eg
om det nye året.
Kvart einaste år.

Eg håpar på det
heilt inne i
det inste i meg sjølv.
(ABM 01.01,2023)


tirsdag 20. oktober 2020

 





det snøa i natt 

i natt snøa det

snøen berre var der

i dag tidleg

lys og still

 

alt har stoppa

eg har god tid

med kaffikoppen

 

ordnar skiene til

og legg ut i

det kvite uendelege

dei lange liene

og fjella som

nesten går i eitt

med himmelen

 

du opplever det berre

av og til

at tomrommet

fornyar deg

og gjev deg

kreftene attende

(ABM 01.02.2012)


onsdag 11. september 2019

Tonen min




Gje meg tonen frå fjorden blå
Lia og fjorden er nære meg nå.
Eg diktar om bølgjer og sjø og strand.
Drøymer meg bort til framande land. 
Gje meg ein tone i kveld.
Frå seglet som
strammar og slår,
og bølgjer som
klukkar og får
båten min trygt
inn til land. 
Der skal eg leggja meg
sakte til kai
og spørja:
-Kvar er eg no? 
Gje meg tonen i kveld
når eg snakkar med deg.
Eg veit du vil sei noko
viktig til meg. 
Gje meg ein tone, la bølgjene slå.
Djupt inni skuggen av strendene då.
Gje meg tonen frå fjorden blå.
(ABM 27.07.2014)

                                 


fredag 19. juli 2019

Det er i grunnen trist viss det går slik.


I 1984 fekk nokre gode vener meg til å laga ei diktsamling. Ho heiter Vi knuser våre bilde 1984.
I den tida var me redde for at jorda som me bur på skulle bli øydelagt. Denne redselen er ikkje mindre i dag, trur eg. Eg snakkar om dette i diktet nedanfor.

1.
Vi snakka om dette så mang ein gong
og visste at det ville skje.
I menneska levde dagens song,
og ingenting kom dei ved.

2. Når songane ikkje har tonar meir,
men harde lydlause ord.
Då leikar vi ikkje med auga imot
i ange frå våryr jord.

3. Då leikar det berre vårvind i støv
og kvervlar med det som var mold.
Og natta er lys som ho var det før.
Men jorda er død og gold.

4. I dag kan vi enno snakka om det.
I morgon kanskje for seint.
Reis deg med ein gong og rop det ut
mens tankane dine går beint.

5. Blomane foldar kronblada ut
enno ein gong fram mot vår.
Bøy deg og fang deira fargar då
og spør dei kvar menneska står.

(vi knuser våre bilde 1984 ABM)
Ps. Det sett tone til dette diktet.



                      

mandag 24. juni 2019

Sløkk ljoset før du går



Tenk å vera langt av lei
å sitja litt så lun og fin
på trappa ved Montmartre
å vandra i den gamle by
i Roma og Berlin.
 
Å vera langt der borte-
 
langt av lei
 
på torget i Tasjkent
og vandra rundt i Istanbul
og heilt til Mandalay.
 
Slik tenkjer eg i stolen min
og har no alt eg vil
til dess eg tenkjer reisa meg
då høgg ei smerte til.
 
Eg tenkjer litt på alle dei
i denne vide verd
som smertar mykje meir enn eg
og ikkje har dei heim og mat
og ingen stad å ver.
(ABM 19.01.2018)

torsdag 13. juni 2019

Livet ruslar og går


Søndag 16. juni skal eg opna Friluftsfestivalen på Litlabø på Stord. Mange lag og organisasjonar er der og viser fram kva aktivitetar dei kan tilby. Folk får prøva dei ulike tinga.
Eg har blitt oppfordra å lesa diktet nedanfor. Eg laga det i 2014.
 

Litt hjartebank
er god å ha
når hjorten
stig på myra
når fisken bit
på snøret
når skuggane
vert lengre og
natta stundar til
når tankane
er mange og
virrar rundt
om kring
når du og eg
er saman du kjære
venen min.
(ABM 12.09.2014)

onsdag 12. juni 2019

Syng for meg



Ei fredfull stund.
 
Eg driv langs berget
med våtdrakt
og dykkarmaske.
 
Blomane i havet
duvar sakte
i den svake straumen.
 
Fiskane dovnar seg
mellom tang og tare.
Og krabbane piler
hit og dit.
 
Ein anna dag.
Ei stormfull strand.
Eg sit på berget.
Og vinden uler.
 
Bølgjene slår
veldige inn.
Og sjøen går kvit
der ute.
 
Songen om det
omskiftelege.
I livet.
Og med meg
og deg.
(ABM 12.05.2019)